Monday, August 17, 2009

Nye tilbod frå JSTOR

Dei av oss som er registrerte hos JSTOR (for eksempel for å kunne eksportere til EndNote) mottok nyleg ein mail om utviding av tilboda. JSTOR har så langt konsentrert seg om å vere arkiv og tilby såkalla back-issues, særleg for publikasjonar frå ulike associations. Her har vi hatt tilgang til utgjevingar eldre enn ein 'bevegeleg vegg'. Kvar denne veggen til ei kvar tid står, vil avhenge av kva publikasjon det dreier seg om: for nokre er det to år, andre tre, andre igjen fem.

No har JSTOR ambisjon om å utvide tenesta og saumlaust tilby det tradisjonelle arkivet saman med løpande årgangar. Brukaren slepp då (potensielt) å forhalde seg til om ein gitt artikkel er eitt eller seks år gamal, og kan finne begge frå same leverandør. I første omgang dreier det seg om tidsskrift, og JSTOR har inngått ei avtale med University of California Press om tilgang til alle deira tidsskrift. I tillegg til å utvide med løpande årgangar, kjem JSTOR dessutan til å utvide med U. Cal. Press-titlar som ikkje allereie låg i pakken.

JSTOR vurderer dessutan om anna materiale (les: bøker) eignar seg. Spennande!

For oss stiller dette minst to spørsmål: Kor mange andre utgjevarar vil inngå avtale med JSTOR og når? Prisinga kjem til å vere kontrollert av dei utgjevarane som inngår avtalar, kan JSTOR konkurrere med andre leverandørar på løpande abonnement? Frå før har vi vel tilgang til samtlege JSTOR-pakkar, så ytterlegare tilbod frå JSTOR burde absolutt vere på agendaen.

No comments:

Post a Comment