Wednesday, December 23, 2009

I krysninga mellom Informasjonskompetanse og Web 2.0

Vi som jobbar i biblitoek har ein tendens til å bli uroa over dokumentasjon som peikar på at studentar STARTAR med Google-søk når dei skal skrive semesteroppgåver. Dette tolkast kjapt som eit tekn på at vi konkurrerer dårleg.

Men stoppar vi litt, er det kanskje ikkje så truande. Det er ikkje sikkert dei gjer dette fordi dei a) ikkje kjenner til våre tilbod eller b) trur vår tilbod er irrelevante eller at dei kan klare seg utan.

Eg saksar frå Søk og Skriv (Ditt utgangspunkt: Få oversikt ved hjelp av hurtig informasjon):

Hva er lurt å gjøre nå?

Det er lurt å orientere seg innenfor de rammene du har lagt i den foreløpige problemstillingen. Du trenger å få tak i noe stoff som du raskt kan sette deg inn i. Det viktigste nå er at du blir mer bevisst i forhold til emnet ditt og problemstillingen.

Hvilken type informasjon kan jeg bruke?

Det finnes flere forskjellige typer lett tilgjengelig informasjon som du kan bruke for å få oversikt over emnet ditt. Du kan med fordel bruke Internett, hvor det finnes søkemaskiner og indekser. På nettet vil du raskt kunne finne forskjellige typer tekster som i kortfattet form belyser emneområdet ditt.


Studentane gjer med andre ord ikkje anna for å skaffe seg oversikt enn det vi i informasjonskompetanseundervisninga oppmuntrar dei til, nemleg starte med den informasjonen ein har for handa. For studentane er nettet definitivt for handa, og bra er det. For kan dei i grunnen stille blanke i biblioteket og ikkje heilt vite kva dei skal spørre om? Nokon som kan huske å ha høyrt eller gitt denne velmeinte kommentaren?
'Kom tilbake når du du veit litt meir om kva du treng, du!'
Men korleis finn ein altså ut det? Klart vi kan hjelpe dei med det og, og det må vi få fram. Men Google sladrar ikkje (så mykje) og du slepp bekymre deg om du stiller dumme spørsmål. Så kan det vere at studentane dukkar opp hos oss når dei synest dei har forstått nok til å spørre ;-)

Ikkje absolutt alle køyrer etter prinsippet Are Kalvø beskriv her:

Skal skrive særoppgåve om nokre av bøkene dine. Har ikkje fått tak i bøkene. Treng litt tips. Tema, bodskap, innhald, sjanger, språk, verkemiddel, sånne ting. Svar gjerne fort. Skal levere i morgon.”


Friday, December 18, 2009

'The Blogpact factor', blogging som mål på impact.

ResearchBlogging.org og PLoS inngår, ifølgje ein bloggpost på ResearchBlogging.org, eit samarbeid for å kunne tilby 'article level metrics'. Som dei peikar på, vil det vere stor forskjell i reell impact mellom forskjellige artiklar innan same tidsskrift, og ein einheitleg impact factor for tidsskriftet treng derfor ikkje seie så mykje om den gitte artikkelen ein ser på. Siteringsdata for ein artikkel kan såklart vere til hjelp, men her ligg ein time-lag. Artikkelen må først fangast opp, lesast, og siterast i ein ny artikkel som så skal gjennom fagfellevurdering og redaksjonell behandling. Skal ein vere i forskningsfronten, bør ein ha lese artikkelen lenge før siteringsdata kjem på plass!

ResearchBlogging.org er drive av bloggarar for bloggarar, og er såkalla 'community run'. Loggarar kan forskingsblogge, mellom sine andre bloggpostar. Krediterte bloggar vil ha eitt grønt ikon med teksten 'research blogging' og ein grøn hake, gjerne til høgre eller venstre for bloggpostane ('sidebars', døme her). Forskingsbloggpostar vil ha eit mindre ikon under teksten (Retningslinjer for bruk). Nye artiklar blir presenterte (døme her og her) og ofte sett inn i ein samaheng med tidlegare publikasjonar. Forskingsbloggarane har dessutan tilgang til artikkelen før publiseringsdato, og kan dermed ha si vurdering på plass samtidig med publisering.

For å finne aktuelle bloggpostane, tilbyr ResearchBlogging.org dagleg ein 'editor's pick', dvs. ei oversikt over aktuell forskingsblogging sist veke (døme her). Det nye no er at PLoS i si 'metrics'-fane (Døme: kikk rett under tittelen, fane nr 2 frå venstre) , også oppgir bloggdekning for artikklar via Researchblogging.org. Frå før finst mellom anna 'Total article views', 'user rating' og 'Comments'.

Sjølv har eg tru på forskingsblogging eller for den saks skuld Twitter som ein måte å bli merksam på relevant litteratur på. Berre det at ein artikkel om bibliometri kan bli sett 6000 gongar sidan i går, får meg til å tenke at forskingsblogging via ResearchBlogging.org har temmeleg stor impact. Folk blir raskare merksame på ny forsking. Om lenke til bloggpostane i PLoS gjer eit stort utslag, er eg meir usikker på. Ein er då alt merksam på artikkelen og kan vurdere relevans på bakgrunn av abstract og emneord. Men det kan såklart vere eit ekstra pluss for ein artikkel om mange har funne grunn til å blogge om artikkelen.

Tuesday, December 8, 2009

Wordle og ordskyer

Ein ting som fascinerte meg på UB-dagen i haust, var Ole Gunnar sin kule måte å visualisere rapportar på. Visst har eg sett ordskyer før, for eksempel forfattar- eller emneordsskyer i LibraryThing. Men det er rett ut sagt metadataskyer. Fulltekstskyer var ein ny ting for meg.

Litt søking på Wikipedia og Google brakte meg i retning av Wordle. Kjapp uttesting (mi tekst frå ei realtivt blodfersk Darwin-brosjyre) ga ordskyene over. Klikk på bilda for å sjå skyene i stort format. Både spennande og representativt, synest eg. Skulle ville ha syntesen frå avhandlinga mi som T-skjorte :-)

Reint praktisk, så vel ein 'create' og klistrar inn teksten ein vil visualisere. Wordle kjem med eit forslag, med tilfeldig val av font, farge og layout. Ved å klikke på 'randomize'-knappen under, genererast stadig nye versjonar, med varierande settingar. Ganske greitt å klikke nokre gonger for å få eit inntrykk av kva val ein har. Skal ein derimot vise fleire skyer i løpet av ein presentasjon, kan ein sjølv velje instillingar. Eg har sansen for fontutvalet, det er befriande å bevege seg bort frå MS-standardar. Fargeutvalet passa meg og. Men sjølv når instillingar er valde, kan det jo vere ein ikkje blei heilt nøgd med det visuelle intrykket. Ein kan behalde instillingane, men generere nye skyer ved å gå til 'layout' og velje 're-layout with current settings'.

Skyer du genererer og vel å lagre i galleriet der vil automatisk få Creative Commons-lisens. Ønskjer du ikkje det, kan du ta ei utskrift, eller du kan ta ein skjermdump/skrive til pdf for å kunne bruke materialet digitalt. Det er lov, også om du skal bruke produktet kommersielt, men du må kreditere Wordle med å vise til at produktet blei generert på http://www.wordle.net/ (Sjå FAQ for detaljar)

MÅ vi gjere sånt? På ingen måte. Men det er morsomt å prøve, og brukt på rett måte (med måte) kan det både gi ei viss oversikt og eit lite løft til ein presentasjon. Og som kollega Susanne seier: Det viser oss dessutan kva for emneord vi burde løfte ut frå ei tekst ;-)


Bilda genererte av http://www.wordle.net/