Wednesday, November 10, 2010

Vitskapskompetanse?


På biblioteket snakkar vi framleis om informasjons-kompetanse (Information Literacy, premie til den som gidd lese heile Wikipedia-artikkelen). I dei vitskaplege miljøa snakkast det i staden om Scientific Literacy, definert i Wikipedia som

the knowledge and understanding of scientific concepts and processes required for personal decision making, participation in civic and cultural affairs, and economic productivity

Temaet var oppe på det årlege møtet til amerikanske vitskaplege forfattarar (National Association of Science Writers), rapportert i EcoTone, bloggen til den amerikanske økolog-foreininga. Blant spørsmål som blei tatt opp var:

Should it be measured as an understanding of the scientific method or as in interest in research results? Should we focus on the public’s knowledge of specific topics, or is it more important to gauge public appetite for science in general?
Som universitetsbibliotek er vi i øyeblikket kanskje mest opptatt av å vere ein kunnskapsmessig omfordelingssentral. Vi har òg ei anna viktig rolle, jf vår strategiske plan:

Biblioteket skal videre bidra til folkeopplysning, en demokratisk samfunnsutvikling og videre- og etterutdanning ved å stille mest mulig av sine ressurser til disposisjon for allmennheten.
Og her er det, mellom englar og snåsamenn, at kunnskapen blant ålmenta om vitskap og vitskaplege metodar burde vere av interesse, òg for oss som skyflar informasjon. Men medan under halvparten av amerikanarar ifølgje denne bloggposten kan namngi ein einaste vitskapleg rollemodell, kan universiteta sin rolle vere å utstyre den enkelte med ei verktykasse til bruk for å forstå vitskapleg nytt. Når fleire får ei college-utdanning, vil fleire få høve til å møte og tolke vitskap. Iflg ein artikkel sitert i bloggposten har i USA andelen med grunnleggjande vitskapsforståing auka frå 10% til 30%. Det burde gi håp ;-)

Sånn utover det er det interessant å merke seg at deira ordskyer like gjerne kunne vore laga for biblioteksamanheng, manglar berre ein STOR 'databases'!

Tuesday, October 12, 2010

Nytt realfagsbibliotek - i Oslo

I vår andelause venting på nytt realfagsbibliotek her i byen, kan det vere spennande å kikke på kva som skjer påden andre sida av Hardangervidda. UBtinget har i dag ein presentasjon av det nye realfagsbiblioteket ved UiO. Ta ein kikk!

Sjølv har eg vore så heldig å få ei grundig omvisning av prosjektleiar, eg har fått kikka på teikningar og fått det heile forklart. Veldig spennande tenking, synest eg. Og der borte kortar dei ned ventetida med å sette i gang nettoverførte arrangement, med Bill Bryson (som eg fekk sett laiv-overført) og Marcus de Sautoy (som eg ikkje har sett). Kanskje DET kunne vere noko for oss?

Tuesday, August 10, 2010

Bibliometrisk troverdighet i klimaforskningen

Hvem publiserer hyppigst og hvem blir sitert hyppigst i klimaforskningen?

Anderegg, W. R. L., Prall, J. W., Harold, J., & Schneider, S. H. (2010). Expert credibility in climate change. Proceedings of the National Academy of Sciences. http://www.pnas.org/content/early/2010/06/04/1003187107.abstract

Undersøkelsen tar utgangspunkt i over 1000 forfatternavn som ble søkt opp i Google Scholar. Dette er blitt gjordt manuelt. Jeg legger meg flat, hvilken innsats for å redde jorden.
Trodde de hadde skrevet et skript for automatisk mating av søkeord og nedlasting av søkeresultat, men sånt tillater Google visst nok ikke har jeg fått vite etter korrespondanse med Anderegg.
Hard kost for skeptikerne, som nok føler seg bekreftet i sin påstand om at deres artikler avvises av redaktørene. Antar at sinnene koker. Her en snutt fra resultatene:
97–98% of the climate researchers most actively publishing in the field support the tenets of ACC outlined by the Intergovernmental Panel on Climate Change, and (ii) the relative climate expertise and scientific prominence of the researchers unconvinced of ACC are substantially below that of the convinced researchers.

Monday, August 9, 2010

Databaser i sammenlikning

Vil gjøre oppmerksom på artikkelen i Scientometrics av Larsen og von Ims:

The rate of growth in scientific publication and the decline in coverage provided by Science Citation Index http://www.springerlink.com/content/2531345r116v3660/fulltext.html

Kan være nyttig å ha i bakhode at databaseinnhold forandrer seg over tid, og at ISI WoS har svakere vekstrate enn andre fagdatabaser (Chemical Abstracts, CSA Natural Science, CSA Technology, Inspec All Sources, Inspec Electrical/Electronical Engineering, Inspec Computers/Control Engineering, Inspec Manufacturing and Production Engineering, Inspec Physics, MathSciNet, and SCI).
Særlig viktig er dette når prestasjon baseres på siteringstall kunn fra ISI WoS.

Friday, August 6, 2010

Kvifor PLoS One?

I eit intervju seier Craig McClain, tidlegare fagredaktør i PLoS One, dette:

My primary attraction is Open Access. I believe science should not be a privilege of the wealthy or well funded, whether it be scientists, the public, research institute, universities, or even countries. Science is not only research, but also communication of the research to the both other scientists and the public. Communication is a step of
the Scientific Method. Thus, science that is hidden behind a wall is incomplete.
Kursiv lagt til av meg.

Han peikar vidare på umiddelbar tilgang ( i motsetning til å vente på fjernlån) som grunn til å velje OA. I tillegg set han pris på at PLoS One ikkje har 'novelty' som eit kriterium i fagfellevurderinga. Dette siste har eg lurt på mange gonger. Korleis kan gjennomtesting og etterprøving vere ideal når kriteria for å faktisk få arbeidet publisert er at det er nytt? Ei av forskinga sine indre konflikter?

McClain bloggar (inklusive forskingsbloggar) forøvrig på Deep Sea News.

Heile intervjuet kan lesast her.

Tuesday, June 22, 2010

Kunnskapsbaserte bibliotek

Ein skulle jo tru at det var temmeleg sjølvsagt. Vi forvaltar, til og med pushar litteratur, og har som mål velinformerte, velfunderte studentar og forskarar. Men er vi alltid like nøye med å basere våre eigne profesjonelle beslutningar eksisterande kunnskapsbase? Er vi informasjonskompetente i eigen praksis? Søker vi opp den litteraturen vi sjølve treng? Om brukarbehov, for eksempel? Om andre, utprøvde undervisningsopplegg? Om erfaringar med opningstider? I det heile tatt 'best practice'?

Eg er på ingen måte best i klassen, men prøver å avansere :-) For eksempel gjennom å delta i arbeidet med ein litteraturstudie rundt PhD-undervisning. I går blei eg dessutan gjort merksam på eit seminar som skulle gått i vår, men som er utsett til seint i september, "Turning Knowledge into Practice" (takk, Regina). Og akkurat i dag fekk eg ein mail om tidsskriftet 'EBLIP, 'Evidence based library and information practice', via 'Peter Alsbjers Blogg' Innhaldslistene ser varierte og interesante ut.

På tide å praktisere det vi preikar?

Tuesday, April 6, 2010

Akademiske nettverk

For unge forskere som vil ut og fram er det viktig å bygge opp sosiale nettverk. Med Web 2.0 er det kommet en rekke interaktive verktøy (à propos blogging) som inviterer til et fagligsosialt fellesskap og bygger ned eksisterende terskeller. I hvorvidt ny fagkunnskap publiseres her først kan diskuteres, men å delta sosialt er ofte avgjørende for å etablere seg faglig.
I Researchtrends 16, et nyhetsblad fra Elsevier, listes nedenforstående forskernettverk - verdt å ta en titt på og ikke minst delta aktiv:


  • Academia.edu: nicknamed the “FaceBook
    for scientists” and claiming to help academics
    answer the question: who’s researching what?
  • BioMedExperts.com: an online community for
    biomedical researchers which claims to analyze
    the profiles of more than 1.8 million scientists.
  • Epernicus: founded in 2008, Epernicus claims to
    be “The shortest path to people and expertise in
    your scientific network”.
  • Laboratree: developed by Indiana University,
    Laboratree is both a social-networking site for
    scientists and a research-management tool.
  • ResearchGate: launched nearly two years ago, it
    now claims to have more than 250,000 members.
  • ResearchPages: a project-focused site for
    researchers, which has been live for a few years.
  • Scilink: dubbed the “LinkedIn for scientists”,
    Scilink is said to have mined over 104 million
    relationships from the literature, and to have
    more than 40,000 users.

Vet du om flere nettverk?

Forskingblogging om forskingsjuks

På bloggen Adventures in Ethics and Science bloggar Janet D. Stemwedel om vitskapleg mishald i posten What causes scientific misconduct? Fabrikering og forfalsking av data utgjorde hovuddelen av mishaldet. Men og plagiering (fokus for oss som underviser i bibliotek) utgjer ein solid bit. Kulturelle skilnader nemnast som årsak i bloggposten, men ikkje i artikkelen. I artikkelen nemnast derimot språkforskjellar. Manglande kunnskap om reglar (kva som er eller ikkje er juks) ser IKKJE ut til å vere ein faktor, så langt eg kan lese meg til. Det er interessant, vårt hovudvåpen i kampen mot plagiering er nettopp kunnskap om korrekt sitering.

Den endelege testen på effekten av kunnskap vil vere ei samanlikning av institusjonar med og utan fokus på etikk i den obligatoriske undervisninga (jf instillinga "Utdanning i akademisk redelighet - tiltak for etikk i utdanningene ved Universitetet i Bergen").

Oversikt over forskingsblogging

Våre brukarar overrislast i dag jamnleg av meir og mindre relevant litteratur. Men korleis løfte fram det mest interessante, aktuelle, nyskapande? Kanskje tidvis også eldre nøkkelreferansar? Gløymte perler?

Ei kjelde er forskingsblogging, som eg har vore innom før. Men det tar tid og krefter å skaffe seg oversikt over dei kvalitetsmessig gode bloggane, og dei som treff midt i eige fagfelt. Ein av bloggarane på Sciencebase har rett og slett laga ein periodisk tabell over naturvitskaplege bloggarar, med fargekoda fagfelt.

Tuesday, March 30, 2010

Kva forventar studentar av oss?

Som eg sit her og les om informasjonskompetanse og prøvar å setje meg inn i studentars læringsmotivasjon, dumpar ein bloggpost ned i min Google Reader, delt med meg av ei eller anna venleg sjel. Tittelen treff rett i mitt fokuspunkt:

Hm. Hva i all verden forventer en student av et universitetsbibliotek?

Svært interessant lesnad. Glimrande supplement til alt vi måtte få til av fokusgrupper og liknande. Les, så augo blir store og bloggforma.

Friday, March 5, 2010

Open Acces også for monografiar?

Via IAMSLIC blei eg tipsa om ein ny open access monografi, 'From Seascapes of Extinction to Seascapes of Confidence'. Boka blir utgitt av Co-Action Publishing, som spesialiserer seg på å skreddarsy open acess-løysingar:
[...] we work to develop an international list of scholarly Open Access journals and books for a global audience.
Co-Action tilbyr fleire tidsskrift, men så langt berre to bøker. Eg synest denne løysinga er spennande. Dei legg ut Paperback-versjon for sal, og tilbyr ebok for gratis nedlasting. Sikkert ei grei løysing for dei universitets- og forskingspublikasjonane som likevel ikkje kan rekne med stort sal (og store inntekter til forfattar).

Spørsmålet er korleis vi rundt i dei tusen bibliotek skal fange opp desse ebøkene, og sørge for at dei er tilgjengelege, også gjennom våre katalogar. For større, akademiske aktørar burde vi kanskje vurdere importar? I dette tilfellet får vi berre legge den aktuelle boka inn manuelt.

Thursday, March 4, 2010

E-bøker - no med vingar...

Forlaget DynamicBooks presenterte nyleg ein ny modell for elektroniske lærebøker. Systemet tillet professoren / forelesaren å skreddarsy ei pensumpakke for sine studentar. Med utgangspunkt i ei eksisterande lærebok kan professoren legge til eller skrive om materiale, sette inn videoar og andre pedagogiske verkemidlar, eller legge til heimearbeid. Det ferdige produktet seljast til studentane gjennom forlaget. Forelesarar som gjer endringar, får eit lite vederlag for dette. Dette utgjer muligens ikkje så mykje per universitet per år, men potensielt litt meir om endringane er populære på andre universitet med tilsvarande kurs. I tillegg til DynamicBooks har både McGraw-Hill og Wiley ute sine versjonar av 'enhanced textbooks'.

Ideen er definitivt god. Dei færraste forelesarar finn bøker som passar akkurat til vinklinga dei vel for sine kurs. Svært mange klipper og klistrar fram ei pensumliste, og sluttproduktet inneheld gjerne nokre kapittel frå ei bok (eller fleire), nokre (fagfellevurderte?) artiklar, tidvis sjølvskrivne kompendiar. Dermed er praksisen ikkje så langt frå det DynamicBooks her legg opp til. Om DynamicBooks vil lukkast, er ei anna sak. Det avheng for eksempel av om klarer å få ei kritisk masse av tekstbøker i samlinga si. Dei tilbyr andre forlag å presentere sine tekstbøker gjennom sitt system, men får førebels lite napp der. Dessutan vil det avhenge av om dei tilbyr forelesaren eit brukarvennleg og arbeidssparande system. Ellers kan dei freistast til å snekre eit alternativt opplegg, trykte eller elektronisk.

Aller helst ville eg ha denne funksjonaliteten inn i eit nytt, moderne biblioteksystem. Med ein site-lisens på pensumbøkene vil tekstbøkene vere tilgjengelege. Endra kapittel og tillegg burde kunne ligge i våre digitale arkiv (Bora), artiklar koplast gjennom lenketenarar til våre elektroniske eller trykte behaldningar (eller kopibestilling), heimearbeid koplast gjennom Studentportalen og det burde vel vere råd å finne eit punkt å dytte inn ein skarve video? Men smidig måtte det vere, om vi skulle få nokon til å bite på. Det er definitivt vanskeleg nok å få tak i pensumlistene i dag.

Les heile artikkelen: Format War Heats Up Among Publishers of Electronic Textbooks

Wednesday, February 10, 2010

Sjølvrensande vitskap.....

Denne gongen ikkje om bibliotek, men om dei vitskapane vi skal tene

Science, warts and all, is still the best way of finding out, and is absolutely vital in informing government policy.

Les heile artikkelen av John Krebs, zoolog, lærebokforfattar og rektor ved Jesus College, Oxford i Times Online (We might err, but science is self-correcting). Eg fann artikkelen gjennom http://richarddawkins.net/

Tuesday, January 26, 2010

Tips til bokkjøparar

Eg ønskar meg veldig VELDIG eit slikt system som MIT har. Her kan brukarane abonnere på ein RSS-feed med nyinnkjøpte bøker innan eige fagfelt. Vil tru noko slikt kjem på plass med nytt bibliotekssystem. I mellomtida abonnerer eg på MIT sine RSSar for å følge med - kva av dette burde óg eg tenke på å kjøpe inn?

Wednesday, January 20, 2010

Fødde med digitale ski på beina?

Det er lett å stø seg på at dagens studentar er digitale urinnvånarar, 'digital natives', og å rekne med at deira digitale intuisjon stettar dei fleste daglege student-behov (utanom muligens avanset søking). Då kan det vere verdt det å merke seg seg dette avsnittet, frå ein artikel om bloggbruk i informasjonskompetanseundervisninga:

In giving the students freedom to choose their own Blogger login and web address we opened ourselves up to an avalanche of techical support issues. Nearly one-third of the students forgot their login and had difficulties using the Blogger forgotten password retieval facility and, despite training, some also struggled to create new posts, insert images and view their blog. Most of these students were aged 18-21, part of the 'digital native' generation. Although the Blogger software seemed intuitive to the thirty-something and fourty-something academic librarians, this was not the case for the students. They stumbled over basic technical issues and while they may have been born into a digital world, not all were born digital.

Det å vere oppvaksen i ein kultur eller i eit språk, treng ikkje bety at ein har eit reflektert forhold til system og struktur og hensiktmessig navigasjon. Slike trekk kan det faktisk vere lettare å få auge på når ein kryssar over til eit språk eller ein kultur ein sjølv ikkje er oppvaksen med. Ikkje kan ein heller forvente å beherske alle ferdigheiter som verdsettast i kulturen. Ikkje alle nordmenn er heller fødde med ski på beina.

Sært nok: På utveksling i USA spurte min amerikanske kontorkamerat til meg til stadigheit korleis engelske ord stavast. Då eg påpeikte det sære i det, fekk eg til svar at eg jo stort sett kom med rett svar. Mi forklaring? EG hadde lært meg eit bilde av ordet, han korleis det høyrdest....

Friday, January 15, 2010

Den klaraste konlusjonen ein kan trekke frå UBs utkast til tiltaksplan, er at kontinuiteten bør vere sikra :-)

Wordle: Tiltaksplan UB

Thursday, January 14, 2010

Søk etter e-bøker

På Twitter snubla eg over denne samsøkstenesta etter e-bøker: http://ebooks.addall.com/

Grensesnittet er ikkje av dei lekraste, og som med all samsøking, kan det ta laaang tid å få svar. Men du får eit sitat medan du ventar. Har du høyrt det før, kan du få eit nytt ;-)

Derimot kan du samanlikne prisar og format frå ulike forhandlarar, og for eksempel kjapt sjekke om e-boka finst som gratisutgåve (du kan sortere på pris). Kjekt å vite, sjølv om eg muligens ikkje får bruk for det på jobben?


Her ser du til dømes kvar du kan få tak i Darwin's The Voyage of the Beagle

Søkeboksen i Firefox - litt skreddarsøm

For kjappe oppslag, er eg heilt avhengig av søkeboksen i Firefox (den til høgre for adressefeltet). Ekstra søkemotorar er det stort sett greitt å legge inn. Derimot fekk eg det for meg at eg skulle legge inn ein add-on for kvar av dei ulike Wikipediaene eg jamnleg søker (nynorsk, bokmål og svensk). At bokmålsversjonen eksisterte, visste eg, for den fulgte med som default då eg installerte heime.

Lenka 'Manage search engines' nedst på nedfellsmenyen til feltet pleier å vere tingen, og deretter eit klikk på 'Get more search engines', men av ein eller annan grunn fekk eg ingen treff på nokon av versjonane eg ville ha inn. Løysinga viste seg å ligge ein HEILT annna stad: Når du står i den Wikipediaen du ønskjer å legge inn, vil denne Wikipediaen dukke opp som eit forslag på nedfellsmenyen, rett over 'manage search engines'. Legg til, så blir livet *bittelitt* lettare :-)

Tuesday, January 5, 2010

Eit lite, bibliografisk mareritt....

Eg følgjer med på nokre bloggar innan mine fagområde (biologi/molekylærbiologi), og følgjer særleg godt med når dei seier noko om bibliotek, publisering, sitering og open access. Eit lite mareritt beskrivast her: sidetal som endrast i elektronisk arkiv, slik at det ikkje lenger korresponderer med det opprinnelege sidetalet (trykk etc). Oppslag på tidlegare korrekt referanse tar ein til eit bibliografisk svart hol (men ikkje større enn at vi på biblioteket stort sett ville finne ut av det). Les meir om dette på Dechronization: Evolution, Phylogenetic trees, Comparative methods

Ville tru at dette i større grad hang saman med elektronisk arkivering enn med OA? Nokre artiklar utelatast frå elektroniske arkiv, og eg kan tenke meg at eit eller anna ikkje så lyst hovud kan kome på å forskyve sidetalet tilsvarande, utan at det burde ha noko med OA å gjere...