Wednesday, November 10, 2010

Vitskapskompetanse?


På biblioteket snakkar vi framleis om informasjons-kompetanse (Information Literacy, premie til den som gidd lese heile Wikipedia-artikkelen). I dei vitskaplege miljøa snakkast det i staden om Scientific Literacy, definert i Wikipedia som

the knowledge and understanding of scientific concepts and processes required for personal decision making, participation in civic and cultural affairs, and economic productivity

Temaet var oppe på det årlege møtet til amerikanske vitskaplege forfattarar (National Association of Science Writers), rapportert i EcoTone, bloggen til den amerikanske økolog-foreininga. Blant spørsmål som blei tatt opp var:

Should it be measured as an understanding of the scientific method or as in interest in research results? Should we focus on the public’s knowledge of specific topics, or is it more important to gauge public appetite for science in general?
Som universitetsbibliotek er vi i øyeblikket kanskje mest opptatt av å vere ein kunnskapsmessig omfordelingssentral. Vi har òg ei anna viktig rolle, jf vår strategiske plan:

Biblioteket skal videre bidra til folkeopplysning, en demokratisk samfunnsutvikling og videre- og etterutdanning ved å stille mest mulig av sine ressurser til disposisjon for allmennheten.
Og her er det, mellom englar og snåsamenn, at kunnskapen blant ålmenta om vitskap og vitskaplege metodar burde vere av interesse, òg for oss som skyflar informasjon. Men medan under halvparten av amerikanarar ifølgje denne bloggposten kan namngi ein einaste vitskapleg rollemodell, kan universiteta sin rolle vere å utstyre den enkelte med ei verktykasse til bruk for å forstå vitskapleg nytt. Når fleire får ei college-utdanning, vil fleire få høve til å møte og tolke vitskap. Iflg ein artikkel sitert i bloggposten har i USA andelen med grunnleggjande vitskapsforståing auka frå 10% til 30%. Det burde gi håp ;-)

Sånn utover det er det interessant å merke seg at deira ordskyer like gjerne kunne vore laga for biblioteksamanheng, manglar berre ein STOR 'databases'!

1 comment:

  1. Velskrive om kommunikasjon mellom fagmiljø på

    http://blogs.agu.org/sciencecommunication/2010/10/26/dude-you-are-speaking-romulan/

    ReplyDelete