Sunday, June 5, 2011

Post publication peer review

Forskar og evolusjonsbiolog Jerry Coyne har eit innlegg på sin blogg 'Why Evolution is True' om ein mykje omtalt Science-artikkel. Kort fortalt konkluderer forfattarane (Wolf-Simon et al.) med at bakteriar frå ekstreme tilhøve i Mono Lake, California, kan erstatte fosfor med arsen.

Artikkelen har ei temmeleg interessant historie, relevant for oss som jobbar på bibliotek av heilt andre grunnar enn innhald og (eventuelle) funn:


  1. Den har passert fagfellevurdering i Science (akseptert 8. november 2010)
  2. Den blei storstilt lansert (temmeleg hypa) i ei pressemelding frå NASA (som finansierte prosjektet) datert 29. november. Ein pressekonferanse fann stad på den datoen artikkelen blei publisert online, 2. desember 2010
  3. Kritikken har vore omfattande og massiv, ikkje minst i den vitskaplege delen av blogosfæren (oversikt over utviklinga i bloggpost på 'Not Exactly Rocket Science')
  4. Science har gått til det uvanlege steg å utsetje endeleg trykketidspunkt til 3. juni (mao 6 mnd etter online-publisering) , slik at artikkelen publiserast SAMAN med kritiske (hovudsakleg metodiske) tilsvar.
Coyne set dette i samanheng med det som kallast 'Post publication peer review'. Prinsippet er ikkje nytt: den faglege diskusjonen held fram etter publisering. I ein relativt ny artikkel om effektiv lesing peikar forfattarane nettop på dette: At fagfellevurderinga og den kritiske diskusjonen avheng av den einskilde lesar:
Advice 6: Peer review continues with your reading
Even though the editors and reviewers of a journal will have tried hard to assess the work they present, pre-publication peer review is not infallible. In fact, the real peer review occurs only after publication.

Erren et al. 2009
Spørsmålet er kva som skjer før publisering. PLoS-tidsskrifta har tidlegare vore gjenstand for kritikk når det gjeld fagfellevurdering - med påstandar om at denne ikkje held same høge kvalitet som i andre, tilsvarande tidsskrift. Men PLoS har hatt ein ganske open politikk, der dei tidlegare oppga på sine sider kor mange refereear som i gjennomsnitt var inne i vurderinga av ein artikkel (gjennomsnitt i underkant av to per artikkel, sist eg sjekka). Denne opplysninga ser ut til å ha blitt borte. PLoS opnar og for ei temmeleg direkte tilbakemelding av einkvar artikkel, gjennom å gi 'metrics' (nedlastingsstatistikk, siteringsstatistikk etc) for kvar artikkel, 'related content' (dvs. søk på lelaterte artiklar i Google Scholar & PubMed, samt tilbaketråkk frå bloggar) og 'Comments', dvs kommentarar direkte på PLoS-sida. Eit eksempel på korleis dette kan fungere, er å finne for Ida-artikkelen til Jørn Hurum og hans medforfattarar, ein artikkel med klare parallellar til arsen-artikkelen. I prinsipp opnar PLoS slik for ei utvida og kontinuerleg fagfellevurdering. -Saman med alt av nye analyser, nye funn nye ekperiment som publiserast over tid og i andre kanalar, som meir eller mindre direkte tilsvar.

I andre tidsskrift kan prosessen vere mindre gjennomsiktig. På konferansen Creating Knowledge VI (sist haust) ga likevel professor Mittelmark ved HEMIL-senteret eit inblikk i publisering frå ein editors vinkel, og presenterte eit bilete av fagfellevurdering i krise. Det er rett og slett vanskeleg å få etablerte, erfarne forskarar til å ta på seg slike oppdrag. I større og større grad utførast jobben av yngre, ikkje så erfarne og beleste forskarar. Følgjeleg er opp mot halvparten av vurderingane for dårlege til at dei kan brukast. I nokon grad kuttast det i talet på fagfellar. Mittelmark nemner at han før kunne rekne med å sende ut tre brev og med det sikre tre fagfellar. No kan ein spørje 6-10 potensielle fagfellar, og likevel ikkje rekruttere meir enn 1-2.
(Mittelmark sin presentasjon skulle ligge på http://blip.tv/creating-knowledge-vi, men er for tida utilgjengeleg. UB-brukarar kan sjå innlegget på P:\Felles\VIDEO - Mittelmark)

Eit skifte frå vurdering før publisering til vurdering etter publisering representerer slik sett ei grunnleggjande endring i heile publiseringsstrukturen. Dette er ei utvikling det viktig at vi som underviser informasjonskompetanse, særleg for PhD-kandidatar, held auge med!


Felisa Wolfe-Simon et al., “A Bacterium That Can Grow by Using Arsenic Instead of Phosphorus,” Science 332, no. 6034 (June 3, 2011): 1163 -1166.

TC Erren, P. Cullen, and M Erren, “How to surf today’s information tsunami: On the craft of effective reading,” Medical hypotheses 73, no. 3 (2009): 278–279.

Wednesday, May 18, 2011

Firefox & RSS-feeds

På heimemaskinen har eg lasta ned Firefox 4. Reint bortsett frå at layouten var endra til alt det eg ikkje likar ved IE, så la eg kjapt merke til ein ting: Den kjekke vesle RSS-knappen til høgre i adressefeltet var blitt borte. Sukk. Litt gugling ga meg ei forklaring på kva eg skulle gjere i staden (velje Bookmark-menyen og derfrå 'Subscribe to this page', to klikk i staden for eitt), og ei forklaring på kvifor den blei borte (berre 3 % av brukarane nytar knappen). På den andre sida, det er tunge brukarar.

Personleg synest eg det var sært å droppe knappen. Eg meinar, hertillands køyrer vi rundt i bilar der speedometeret (og kapasiteten) får til over 200 km/t, det doble av tilletne fartsgrenser. Om det no nokon skulle sjå det som eit generelt prinsipp å fjerne funksjonalitet dei fleste ikkje kan, treng eller vil bruke....

Jaja, då gjenstår det berre å endre eit par slides til workshop ;-)